Heidi Marie seier:: 21-05-2008
Hei bergensjente!
Rainbow Valley handlar meir om tre ulike tema eg ville sette fokus på enn at eg samanliknar dei. Eg vil ikkje formidle at homofili, incest og prostutmisjon står saman som eit tema for meg i denne songen. Eg pleier ofte sei om denne songen at ”som engasjert 17-åring blei alle tema som opptok meg mest på den tida pressa inn i ein sang”
Eg vil med denne teksten fortelje at homofili eksisterer bland oss alle , om unge folk som føler at dei må gjømme seg vekk for å vise sin genuine og reine kjærleik fordi så mange konservative og trongsynte menneskjer fordømmer homofili. I neste vers vil eg fortelje om noko eg meiner ein vikelig burde fordømme, nemleg incest som opplevast i kvar fjerde husstand og er overalt, og eg fattar ikkje kvifor menneskjer ikkje heller bruker energi på å fordømme slike brutale overgrep mot barn! Til slutt syng eg om unge kvinner som av ulike orsakar lever av prostitusjon.
Det som gjer at dei høres ut som dei blir linka saman, er måten songen er bygd opp på, at alle versa har likt ”mønster”.
Eg bruker ofte å gjenta ein setning fleire gangar i løpet av songen, for eg syns det er fint med ein fellesnemnar sjølv om songen beveger seg rundt ulike tema eller stemningar......
Veit ikkje om du blei noko klokare?
Klem heidi marie