Event: Norheimsund - Hauge/Tveitt 100-års jubileumsframsyning
19-06-2008, 19:00
OLAV H HAUGE OG GEIRR TVEITT
- 100-års jubileumsframsyning 19.juni 2008
Det er ei stor glede å skapa ei jubileumsframsyning til ære for dei to store hardangerkunstnarane Olav H Hauge og Geirr Tveitt.
Begge to femner vidt i både nær og universell tradisjon og forstand, og begge har hatt sitt eige særpreg på korleis dei utøvde og uttrykte sine felt. Dei har begge markert seg så vel nasjonalt som internasjonalt. Produksjonen er stor med eit rikt mangfald hjå begge kunstnarane, og denne framsyninga skal synleggjera og feira desse to gåverike kunstnarane.
Dette er Kvam herad sitt offisielle arrangement og skal framførast i Norheimsund som opning av musikkfestivalen Hardingtonar i jubileumsåret.
meir info: www.hardingtonar.no
Back to events